Er muligens på utkikk etter ein person med 3D-kompetanse, men er litt usikker på kva kvalitetar me skal sjå etter, og tenkte då at Dyret kanskje kan hjelpe.
Det vi treng er nokon som er god på:
- generell 3D-teikning (produkt for katalogar og liknande)
- visualisering av produkt i miljø
og gjerne også:
- visualisering av arkitektur for prospekt og liknande
- bruk av 3D i multimedia (og også ha interesse av å vere eksperimentell og nytenkande (prøver å halde meg unna flosklar, men ikkje alltid like lett))
- ha god formsans/interesse for design
Er det andre ting som ein bør tenke på i ei eventuell ansetting av folk med 3D-kompetanse?
Vi er eit lite men profesjonelt miljø av grafiske- og webdesignarar; er det nokon risiko for at ein person med 3D-kompetanse vil kjede seg i eit miljø utan andre med 3D-kompetanse? Trivsel på arbeidsplassen er jo viktig, så eg tenkte det kunne vere ein ide å høyre kva tankar de har rundt dette.
Takk for hjelp
